|
- Lokal seier i Batnfjord Open 2000 Av INGVILD SÆTER og SIV BENTE SILSET Det var laget Beach Boys Brownies (BBB)som gjekk av med seieren i historias første B.O. Og det er allerede bestemt at dette ikkje skal bli den siste! Så her er det berre å trene i vinter!
Finalen
Beach Boys Brownies hadde større problem i dei innleiande kampane, der dei blant anna slo Ringnes Beach Team 15-13. Dessutan starta dei turneringa dårleg, med tap mot Kremen. Men utover i turenering spela dei seg "varme" og knuste Batnfjord v.k. med 15-0. I kvartfinalen slo BBB ut Team Syltesæter med resultatet 15-13, og i semifinalen slo dei ut eit stjernespekka Indergård Allstars. Kampen var dagen jamnaste og mest velspelte. Det trengtes fire matchballar for å avgjere kampen. Resultatet vart til slutt 17-16, og det talar for seg sjøl. BBB greide å halde roa i laget, og vann over eit lag om var store favorittar på førehand. Derfor var det kanskje ikkje noko stor overasking at dei greide å hale i land den prestisjetunge tittelen som vinnaren av Batnfjord Open 2000. Da gjenstår det å sjå til neste år om Gørans Beach Boys kan ta revansje. VI GRATULERER BEACH BOYS BROWNIES MED SEIERN!
|