|
Vellykka arrangement Av INGVILD SÆTER og SIV BENTE SILSET
Damelaget lovar at det skal bli to banar i dei innleiande kampane neste år. Det var kanskje noko av det mest negative med den ellers så fine dagen. Veret var betre enn tidlegare i sommar, men den berømte sola vart hindra av skyar og skodde. Likevel var det mange røde panner og naser på Hjorten seinare på kvelden, der det var After Beach. Pressa var også til stades på sjølve dagen. Både Tidens Krav og Tv Nordvest møtte opp. Tv Nordvest hadde eit lenger innslag, med intervju av Carina Stokke og klipp frå fleire kampar.
Arrangementskomiteen
vil takke alle for hjelpa og innsatsen til alle som var med og
bidro. Ikkje minst
dommarane Elise Astad og Liv Lillevevang, som gjorde ein flott jobb. Vi
hadde ikkje greidd dette utan godt sammarbeid og støtte frå lokale bedrifter. Takk til: Sparebank 1 Nordvest, Hjorten A/S, Batnfjord Samvirkelag, EliBri, Tine Meieri avd Høgset, Gjøko, Shell og Gjemnes Rør. Så sjåast vi neste år!
|