.:BATNFJORD OPEN 2001:.
.:
KRISTIANSUNDSLAG DOMINERTE ÅRETS BATNFJORD OPEN:.


Heile 17 lag var påmeldt til årets turnering i beachvolleyball laurdag 28.juli på Batnfjordsøra. Dei fleste lag var frå Batnfjorden og omegn, men 4 lag tok turen frå Kristiansund og eit frå Malmefjorden. Vergudane var i år som i fjor på vår side og alt låg til rette for ein flott dag.

I gruppespelt viste samtlege lag stor innsats. Til kvartfinalane kom det berre 4 lokale lag, medan alle dei 4 laga frå Kristiansund gjekk vidare. Torvikbukt og Carinas Gamle Menn kom seg til semifinale saman med Evas Beachboys og Gladiator. Gladiator var på førehand forventa å gjere det bra då dei hadde med to 1.di, spelarar frå KVBK. Torvikbukt besto av 4 klassespelarar frå Gjemnes kommune si fremste volleyballbygd. Dei måtte likevel sjå seg slått av Evas Beachboys. Som også gjorde det bra i fjorårets turnering med ein sterkandreplass.

På Carinas Gamle Menn var det berre forballspelarar som var med. Ganske imponerande! Dei kjempa godt, men måtte likevel sjå seg slått av sterke Gladiator med 15-21. Dette førte til at det vart eit reint Kristiansund-oppgjer i finalen kor Gladiator møtte Evas Beachboys. I det første settet vann Gladiator greit. Men i det andre settet vakna Eva og strandgutane og dei kjempa seg inn i kampen igjen. Etter fleire settballar til kvart av laga vann Evas til slutt andresettet med 25-24. I det tredje og avgjerande settet vann Gladiator med relativ stor margin. Evas Beachboys vart i år som i fjor (då under anna namn) nummer to. Sterke Gladiator vann ein velspela og jamn finale. Vi gratulerer med seieren!