.:BATNFJORD OPEN 2002:.
.:SEIER PÅ TREDJE FORSØKET:.


Laurdag 27. juli vart Batnfjord Open arrangert for tredje gong.
Dette er ei årleg beachvolleyballturnering. Det hadde regna kvar dag i lengre tid, men sola kom som bestilt.
Fire jenter står bak arrangementet. Dei utgjer hovudkomiteen, men er heilt avhengig av hjelp frå venner og kjente.

 

Det var 17 lag som deltok i år og desse kom frå Kristiansund, Halsa, Fræna, Hjelset og Batnfjord. Overskotet gjekk i år til Den Norske Kreftforening, Ungdomsgruppa i Møre og Romsdal. Komiteen reknar med at overskotet blir på om lag 5000 kroner. Ein del kjem frå påmeldingsavgift og kiosksalg, men BO er også sponsa av det lokale næringslivet. Det er Rimi, Hjorten A/S, Sparebank 1 Nordvest, Molde Sport og Fritid, Tine Meierier Høgset, Musikkhuset A/S, Oskar Sylte A/S og Reklameservice som er støttespelarane.

Turneringa foregår bak Batnfjord Skule på sandvolleyballbanen som ligg der. I innleieande runder er det også ein ekstra bane på gras. Det er opent for alle å vere med. Kriteria for å vere med er at det er begge kjønn på laget og aldersgrensa er 16 år. Det sosiale er det viktigaste. Arrangementet var vellukka, men komiteen hadde eit ønske om meir publikum. Det vart dårlegare med folk som såg utover dagen, mykje på grunn av at veret vart dålegare. Ferietid kan også vere ein årsak til sviktande oppmøte frå publikum.

 

I første semifinale møttes Gørans Beachteam og Laget, begge frå Kristiansund. Gørans Beachteam gjekk seirande ut med stillinga 21 – 13. S.L.T. frå Fræna sørga for at det ikkje vart rein Kristiansundsfinale, med å slå Dreamteam 2 21 – 13 i den andre semifinalen.
Gørans Tamminen, som er lagleiar for Gørans Beachteam, har spela seg til finalen alle tre åra BO har vorte arrangerte. Med seg på laget hadde han Stein Inge Rakvåg og Kirsti Fløystad. På S.L.T. spelte Tommy Sætre, Torbjørn Leistad og Siri Tøvik. Spelarane frå Fræna Volleyballklubb måtte sjå seg slått av Gørans Beachteam i år. Med tap 21 – 16 og 21 – 13 i det to setta i finalen. BO-komiteen takkar alle laga for deltaking og alle støttespelarane for hjelpa, og gratulerer Gørans Beachteam med seieren i Batnfjord Open 2002.


Tekst: Ingvild D. Sæter
Foto: Arve Rød