Laurdag 2 august gjekk den årvisse sandvolleyballturneinga Batnfjord Open av stabelen på Batnfjorden. Topp innsats, godt ver, med eit lite unntak, og mykje folk gjorde arrangementet til ein suksess. To lag frå Kristiansund kjempa om seieren i ein jamnspela finale.
For fjerde året på rad vart Batnfjord Open arrangert. Turneringa har vorte ein tradisjon for sandvolleyballfrelste nordmøringar. Gjennom desse åra har turneringa vakse seg større og større, og i årets turnering vart det sett ny deltakarrekord med heile 23 lag tilstades, noko som er på tålegrensa.
Veret vart ganske bra, stort sett fint ver men med eit par avkjølande regnbyger. Det såg ikkje ut til å legge nokon dempar på innsatsvilja til deltakarane, som kom frå Kristiansund, Fræna, Tingvoll, Frei og Gjemnes.
Det var mange tette og velspilte og kanskje nokre mindre velspela kampar utover dagen. Det var Samba La Smashing Juniors og Samba La Smashing Fucos som møttes i finalen, begge lag frå Kristiansund. Etter ein utruleg spennande match vann Samba La Smashing Juniors kampen med 2-1 i sett. Det vart desverre ingen lokal seier i år heller.
Turneringa er ei non-profit turnering, der overskotet kvart år går til ulike veldedige formål eller lag. I år gikk 5000 kroner av overskotet til aldersbestemte lag i Batnfjord I.L si fotballgruppe.
Arrangørkomiteen er godt førnøgd med gjennomføringa av årets turnering, stort publikumsframmøte og tette og spanande kampar gjorde årets turnering til nok ein suksess. Til neste år feirar Batnfjord open femårs-jubileum og vi håpar at vi då kan ha klar enda ein sandbane som vil gjere arrangementet meir intimt og effektivt.
Takk for frammøtet og velkommen tilbake neste år! |