Sol, sand og god stemning (26.07.04)
v/Eivind Thommasen, Romsdals Budstikke
Hjem for å arrangere volleyballturnering (20.07.04)
v/Steinar Brunsvik, Tidens Krav
INGVILD DVERSET SÆTER (26.07.04)
I løpet av fem år har den vesle turneringa vår vorte større og større. For kvart år har vi klart å forbedra oss. Vi har også vorte meir kjent blant folk, og det dukkar opp stadig nye lag frå Romsdalen og Nordmøre. Det at folk legg turen til Batnfjorden denne dagen år etter år, tek vi som eit godt teikn. Likevel må vi innrømme at det er ekstra artig at eit lag frå lille Gjemnes greier å hevde seg og vinne turneringa i år, fem år etter at vi starta. Det var ein bra dag for sandvolleyballturneringa Batnfjord Open å feire 5-års dagen sin. Arrangørgjengen kunne konstantere at dei var meir i rute enn nokon gong. ”No begynner både vi som har arrangert dette, samt alle hjelparane våre, å bli såpass erfarne at ting går meir av seg sjølv. Vi har lært av feila våre. Dermed blir vi også flinkare til å takle uforutsette ting som dukkar opp i løpet av arrangementsdagen”, fortel Carina Stokke. Veret er alltid litt uforutsigbart her på Nordvestlandet, men bortsett frå litt vind tidlegare på dagen og regn i finalen, var vi nok ein gong heldige med veret.
Foreløpig ser det ut til at overskuddet frå årets turnering blir det største til no. Solsida Barnhage vil få overskuddet i år. Det er veldig bra at vi går med overskudd, seier Tonje Sæter som er økonomiansvarleg. Årsaka til at det går såpass bra er dugnadsinnsatsen og all hjelpa som vi får av familie, venner og kjente. Dessutan har vi brae sponsorinntekter i form av premiar og varer til kiosken.
Alle måtte stille med begge kjønn representert på laget. Aldersgrensa er frå 16 år og oppover. Fredigheter og erfaring med volleyball varierer, men alle såg ut til å trives uansett nivå. I finalen møttes IL Norden frå Tingvoll og Pils, pøls og Potetbaillj. Det var Pils, Pøls og potetbaillj som trakk det lengste strået. Laget besto av Roy Ove Langset, Gunhild Hoem og Edvard Hoem frå Torvikbukt, samt Anders Glomstad frå Skeidsdalen. Glomstad vart også kåra til finalens beste spelar. For første gong på tre år var det utan kristiansundslag i finalen. Men vi skal ikkje sjå bort i frå at dei kjem sterkare tilbake nest år…
Vi vil takke alle som var med og stilte opp med lag. Og ikkje minst til alle som hjalp oss med kiosk, dømming og poengtelling. Gode råd og skryt er vi også takknemlige for.
Til slutt vil vi gratulere IL Norden med sølv og Pils, Pøls og Potetbaillj med seieren i årets Batnfjord Open! |