1.Antal spelarar
Antal spelarar: 4 på banen. (maks 2 innbyttarar) Det er ikkje lov å stille med mindre enn 3 spelarar på laget. Begge kjønn må vere representert. Dersom eit lag har 4 eller fleire spelarar, må det vere 4 spelarar på banen. Aldersgrensa er 16 år. I sluttspell kan kun spelara som er påmeldt før 13.00 nyttast.
2.Utstyr
Utstyr er valgfritt, men må ikkje innebære skaderisiko.
3.Poeng, vinnar av sett og kamp
Kvar ballveksling gir poeng. I innleiande blir det spelt med 1 sett, til 21 poeng. Vinnaren må vinne med 2 poengs ledelse. I finalen er det 3 sett. Dei to første setta til 21 poeng og det siste til 15.
Ved lik poengstilling etter innleiande kampar, er det resultat i innbyrdes oppgjer som avgjer kven som går vidare.
4. Oppstilling serveorden
Spelarane har ingen spesielle posisjoner på banen. Serverekkefølga skal overholdast. Dvs rotering når laget vinn tilbake serven.
5.Pause og banebytter
Laga skifter side etter kvart 10 poeng. Sidebytta foregår direkte og utan forsinkelse.
6.Overtramp
Overtramp av ei tenkt midtlinje er tillatt, dersom dette ikkje hindrar motstandars spell. Det er ikkje tillatt å trø på eller over baklinja under serven.
7. Nettpassering
Det er tillatt at ballen berører nettet under serven
8. Ballbehandling
Ved laget si første ballberøring er det tillatt med dobbeltslag, unntatt ved bruk av fingerslag (sjå unntak). Det er ei forutsetning at slaget skjer i ein bevegelse.
Unntak: Dobbeltslag i fingerslag er tillatt ved mottak av ein hardt slått ball. Ved forsvarsredning av harde smasher er det tillatt at ballen kviler eit kort øyeblikk i hendene under fingerslaget.
Dipp, fingerslag over nettet med ei hand, er ikkje tillatt (knytta neve er tillatt)
Det er tillatt å berøre ballen med heile kroppen (også foten).
Fingerslag kan berre spelast over nettet i retning vinkelrett på aksen mellom skuldrane (dvs. ”rett” framover eller ”rett” bakover).
Laget her rett til maksimum 3 berøringar. Blokkkontakten tel som ein av desse berøringane (laget har dermed berre moglegheit til to berøringar etter blokkontakt).
9. Uforutsette hendingar
Ved uforutsette hendingar (som t.d. skade på spelar som medfører at laget kun har eit kjønn eller 2 spelarar igjen) vil BO-komiteen avgjere om laget får
fortsette i turneringa.
10. Klage
Batnfjord Open tar 100 kr i gebyr for innleverte klager til sekretariatet under turneringa. Dersom klagen blir innvilga, får laget tilbakebetalt beløpet.
11. Ansvar
Deltaking i Batnfjord Open er på eige ansvar. Arrangør tek ikkje ansvar for eventuelle skadar.
Reglementet er det same som hos Norges Volleyballforbund (www.volleyball.no)
Krav om størrelse på nett og bane vil vike frå dei internasjonale reglane. Arrangøren har tatt for seg dei reglane som er vesentlige og gjort dei justeringane som er passande for denne turneringa. |